Tre ting på ein gong! Faktisk fire!!
Kjære mamma. Gratulerer med morsdagen! Kos deg som mormor dei komande dagane :) Glad i deg. Klem frå meg til deg.Gratulerer til alle andre mødre også! Vonar de får den merksemda de har fortent :)
Ha ein fin Valentindag alle de som er opptatt av det, og alle andre også forsåvidt. Her blir ikkje den markert i stor grad, men rosebuketten over kom iallfall i hus i går. Takk til Mannen for det :) Eg syns det er koseleg med blomster eg, sjølv om det stod på handlelappen han fekk med seg på butikken ;)
Det er fastelavenssøndag også, og inspirert av ein kollega som hadde snappa opp idéen frå steinerskolebarna sine laga eg svanebollar i år. Riktignok fortært i går, men det var fordi det var då vi hadde besøk. Dessutan er det nok til oss to i dag også ;)Neste gong skal eg lage vingane smalare. Mannen meinte nemleg desse likna meir på ei skilpadde eller ein dinosaur, men dei var både gode og mektige - akkurat som fastelavensbollar skal vere.
For å toppe helga la dei jammen OL-åpninga hit også. Dessverre ingen norske medaljer i går, men i dag! I dag blir det. Eg kjenner det på pulsen min.


1 kommentar:
E i grunn ikkje so veldig intressert i OL, feira ikkje Valentine eller fastelaven, og i kan ikkje gratulere d ma morsdag, so da nøye i me ma å ønske d en flott søndag! ;)
Legg inn en kommentar