25 juni 2010

:)

Tenk positive tankar
Sei positive ord
Gjer positive gjerningar,
og det positive gror!

---<----@
Etter ein litt irriterande slutt på ein ellers fin arbeidsdag hadde eg i kveld behov for å leite fram ein del positive tankar for å få litt meir ro i sjela. Så no har eg tatt eit bad, med stor verdslitteratur mellom hendene, laga ei kake til storinnrykket i helga, ete smågodt, spelt SuperMario Galaxy 2, og rett og slett smilt litt over det faktum at eg fekk heile to personlege brev i posten i går. Det er jammen ikkje kvar dag!
Det eine inneheldt ei mengde bilete av denne sjarmøren, som eg og Mannen er så heldige at vi skal vere fadderar på! Det er sonen til bestevenninna mi, og i følgje henne ein prins. Mannen min har prøvd å ymte frampå om at det jo ikkje er sikkert at han blir det... Kanskje han blir optiker? Eller mellomledar? Men i dette tilfellet er eg tilbøyeleg til å vere einig med mora. Han både er, og kan fort komme til å fortsette å vere, ein prins :)

Det andre var eit koseleg kort frå ei koseleg dame eg var så heldig å bli kjent med på vidareutdanninga eg har tatt det siste året. Vi kjem nok til å halde kontakten, og har allereie nokre felles planer både for sommaren og hausten :) Det gler eg meg til. Ho skulle eigentleg ta vidareutdanninga året før meg, men utsette det eit år. Snakk om flaks! Viss ikkje hadde vi jo aldri blitt kjent! :)

Då satser eg på at all irritasjon og frustrasjon forsvann med badevatnet, og at helga blir bra! God helg til deg også :)

1 kommentar:

Kari og Torbjørn sa...

Du kan fortelje Steffen at han framleis er ein prins! No for tida er han veldig pratesjuk, og vi har lange samtalar kvar dag. Veldig artig:) Gler oss til å sjå dykk i helga!