La cuisine francaise
Årets storbyferie går til Paris. Då passa det godt at Martnan i Barteby også i år hadde ei fransk avdeling. Eg rusla rundt og smakte på diverse, mellom anna eselpølse. Eg vart ikkje heilt overbevist, nei... Til Mannen kjøpte eg for syns skyld denne camemberten......som verken lukta eller smakte spesielt godt...hehe :) Fysj og fy! Men men - tanken var god! Kanskje den franske kollegaen til Mannen vil ha han? Meir suksess hadde eg med dei franske småkakene! Kokoskaker, kanelkaker, bringebærkaker, sitronkaker, og noko som likna på mazarin. Dette kan vi like :)
Det var salg i diverse butikkar, så ein avslappande kjole til balkongbruk, og ei capribukse til samme formål, vart med heim att. Og når ein er på Martna må ein rett og slett kjøpe med seg ei korg med jordbær - sjølv om dei ikkje er norske.
Så vart det altså dessert i dag. Tirsdag eller ei; eg har lært på fjernsynskjøkkenet at jordbær er ferskvare! ;)

1 kommentar:
Hmm, paris høres ut som et bra feriemål... God tur, kos dere!
Legg inn en kommentar