Det ærefulle oppdrag!
Vi var ein svipptur til Ålesund i helga, fordi vi vart spurde om å vere fadderar på denne skjønne gullguten :)Han er jo umuleg å motstå, så det ville vi naturlegvis :) Difor var vi altså i dåp i helga, og kosa oss saman med både han, foreldra hans, og eit knippe andre familie og vener av prinsen.
Det blir mange inntrykk for ein liten klump på ein sånn dag, og det er mange som vil dele på! Difor er vi glad for at vi forhåpentlegvis får sjansen til å møte han igjen seinare i sommar :)
Saman med resten av dåpsgåva fekk han denne vesten frå oss. Den gløymde eg å ta bilete av før eg gav han frå meg, men det kjem nok fleire sjansar vil eg tru :)

1 kommentar:
For en flott gutt! =)
Legg inn en kommentar