Langhelg :)
Frå torsdag ettermiddag til i kveld har eg hatt kjempekoseleg venninnebesøk frå hovudstaden! I den anledning tok eg fri i går, fredag, slik at vi skulle få meir tid saman. Og hyggelege skravledagar har vi jammen hatt! :) Av ein eller annan tåpeleg grunn har eg ikkje tatt eit einaste bilete, og det er jo ikkje noko anna enn for dårleg! Heldigvis har besøket delt nokre av sine med meg. Mellom anna dette frå byturen vår i går:Vi lurer veldig på kva som er historia bak her, så viss du veit noko må du gjerne skrike ut!
Det er ikkje hemmeleg at eg ikkje er så ofte i byen, men i går hadde vi altså ei flott runde med besøk innom ymse butikkar eg veit eg likar men som eg alt for sjeldan er innom. Det vart handla og henta inspirasjon både her og der, mellom anna på Black&White, Sukker, og ikkje minst Pryd der besøket fann ei utroleg nydeleg og passande jakke frå Nordlys. (Sånn, det var dagens reklame...) I dag var vi innom Rockheim også, og innimellom alt dette har vi fylt minutt og timar med skravling, mat og masse kvalitetstid :) Tusen hjarteleg takk for besøket kjære venn, og veldig velkommen tilbake!

2 kommentarer:
Søtnos! *klem*
Søt sjøl! :)
Legg inn en kommentar