27 februar 2011

Mitt søskenbarn Mowgli

Så var endeleg dagen komen! Endeleg sat eg der på Chat Noir og såg søskenbarnet mitt slenge seg inn på scena i ei liane, som om det var det mest naturlege i verda. Så til stades, så flink og naturleg. Han sang, klatra, dansa og var Mowgli på ein måte som kunne gje inntrykk av at han aldri har gjort noko anna ;)

(Bildet er lånt frå NRK)

Ingen tvil om at han elskar å stå på scena nei! Trykk på linken, og sjå sjølv :) Det er muleg hormona mine spelte ei rolle, men eg var iallfall rørt til tårar mange gonger i løpet av forestillinga! (Det var nok at han kom inn på scena...) Også har han jo vorte ei verdsvant stjerne; han blunka til og med til Ladeprinsessa i det han gjekk av scena etter applausen ;) Stor stas - både for ho og tanta trur eg :)

Nye sjansar for dykk alle å sjå han i aksjon 2., 12., 13., 18. og 23. mars, samt 2. og 10. april. Inhabil eller ikkje - eg anbefalar! (Men det er ikkje sikkert at du er like heldig som meg og får komme backstage og helse på Sturla Berg Johansen! Det er ikkje sikkert du får ete middag med sjølvaste Mowgli etterpå heller :P )

2 kommentarer:

Anonym sa...

Gler meg utruleg må de tru.
Kjekt å være tante til ein kjendis.
Middag med Mowgli skal det bli,men å få helse på dei andre kjendisane er vel meir usikkert kanskje.
Tante.

Marit sa...

Detta ser supert ut! Me gler oss,ja!