Dette er den relativt nye, og særs fine, gitaren til Mannen.

Dette er ein særs begeistra Jepsi, som syng med når Mannen klimprar.


Av og til blir han så ivrig at han må heilt bortpå for verkeleg å kjenne at han er med.

Sjølv prøvde eg febrilsk å få eit betre og nærare bilete av sangfuglen, men han var så skeptisk til kameraet i dag at han forsvann kvar gong eg nærma meg ;) Så fekk eg heller nyte samspelet frå sofakroken - som vanleg. Ikkje så dumt det heller etter halvanna times skogstur i tordenregn, påfølgjande avslapning i badekaret eit par timar, deretter husvask (/-berging), og no ventande på venner som har sagt at dei kjem på besøk - med fruktsalat. Kan det bli betre?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar