Ja no har vi hatt nokre fine dagar heime :)

For min del var dei fylt til randen av batterilading og avslapning, men for Mannen noko meir prega av oppgåveskriving... Litt avkopling trur og håpar eg at han har fått også, både med mamma sine herlege serveringar, vennebesøk til Kari og Torbjørn i Ålesund på fredag, førehandsfeiring av mamma i går, og ein sykkeltur rundt bygda i dag.
Det er godt å kome heim ein gong i ny og ne, særleg når vi har nokre dagar til disposisjon. No er det berre halvanna månad til neste gong - så får vi sjå om framkomstmiddelet blir bil eller sykkel!
(Eg måtte berre ha med dette bildet. Pappa driv ikkje med sau lenger no, men leier ut beitet - og det er så koseleg! Særleg no når lamma er så livlege!)
2 kommentarer:
Hallo?????????
Du har ikke tenkt å sykle fra Trondheim til V.stranda????????????
Vi vurderer det. Sjølvsagt over fleire dagar :)
Legg inn en kommentar