Planene mine...
Først av alt må eg få gratulere min lille keisernevø med 1-års-dagen i dag! Hurra for deg! Mange klemmar frå supertante (og -onkel) :)
Han er nok litt større no enn på dette bildet, som vart tatt i februar, men eg syns det er så fint... No skal eg bestille flybillettar sånn eg kan komme på besøk om ikkje alt for lenge! Då skal eg nok ta nye bilete av både han og storesøstra Prinsesse Gullhår :)
Eg hadde tenkt å stå opp i dag tidleg, ta eit kult bilde av regndropane på vinduet, blogge det, og slik bevise at det var legitimt å halde seg inne og rydde, vaske og systematisere. Men det er ingen regndropar på vinduet i dag... Stikk i strid med mine planer ser det slik ut:
No går det ikkje lenger. Husarbeidet kan rett og slett ikkje vente fleire dagar. Kanskje er eg meir effektiv når finvéret lokkar der ute? Eg skal iallfall gå meg ein tur seinare - eg lovar! Men først skal eg ta ein kopp capuccino og ei skive av min kjære kollega Ingrid sitt heimbaka brød :) (Det er mykje koselegare å få heimbakst enn pengar som betaling for skyssen!)
Eg har litt strikkeplaner også. I helga har eg tenkt å starte på noko eg har sikla på ei stund. Dersom eg får han til blir han veldig flott, og då kan eg vise han fram her. Elles går det i dei siste (sannsynlegvis) lappane til NSF vennskapsteppe.
Og alt dette medan eg lyttar til Ringenes Herre på lydbok :)
God helg!

3 kommentarer:
DIGGER koppen din!!!
Hvem hva hvor?
Trur den er frå Kremmerhuset... Fått i bursdagsgåve. Har tekanne i samme :) (+ fem andre koppar med andre motiv).
*littmisunneligmenunnermarihønasidette* :)
Legg inn en kommentar