God helse på 1-2-30
Visste du at det er Verdens aktivitetsdag i dag? Det har vore mange arrangement rundt om kring, med fokus på fysisk aktivitet som helsefremmande og forebyggjande tiltak med tanke på eiga helse. Eg applauderer! Det er jo dette eg jobbar med kvar dag, og ser meir og meir kor avgjerande det kan vere å vere i aktivitet - både for fysisk og psykisk helsetilstand. Som fysioterapeut føler eg også at eg bør gå foran som eit godt eksempel, men veit veldig godt med meg sjølv at eg ikkje alltid er det. Når det er sagt så har eg jogga i dag altså. Rundt Tømmerholtdammen. Kjempefin runde!
Som nevnt i førre innlegg hadde eg planlagt ein tur til Plantasjen i dag. Som tenkt så gjort. Jada, jada - eg veit at Plantasjen ikkje er den beste på plantekvalitet. Men eg er nøgd med dagens fangst; ei stemor til å ha på hagebordet vårt (det er det som er hagen min...), ei estragonplante, og ei ny yokkapalme (sidan eg har drept den forrige).
I kveld har eg roa heilt ned med bonderomantikk og nysteikte vaflar. Og strikking. Eg trur eg er klar for ei ny arbeidsveke no.


2 kommentarer:
Der har eksperten knekt koden, skjønner jeg!
Mange muligheter der, så nå kan du bare velge og vrake. Jeg syns det er kjekt å bruke rammene deres, og enkelte ganger kan man jo fikse litt på fargene også om det trengs. Alderen er det verre å redigere bort, så når jeg syns jeg ser for gammel ut, så velger jeg enten å retusjere meg bort eller kjøre meg gjennom generatoren for å bli enda verre :o)
Da kan det jo hende at jeg lurer noen!
Ha ei fin uke.
Klem fra Kari*
Hahaha! Men du ser då ikkje gammal ut!? Takk for tipset iallfall. Skal gjere meg litt betre kjent der etterkvart :)
God veke til deg også!
Legg inn en kommentar