Julegåveproduksjon anno 2009
Det årlege familieselskapet 1. juledag er over for i år, og alle gjekk mette heim denne gongen også. Eg kan iallfall ikkje forestille meg noko anna, med både svineribbe, medisterkaker, julepølser, hjortesteik og hjortekarbonader på menyen! Fotoapparatet var godt g(l)øymd for anledningen, men hyggeleg var det likevel. Det er ikkje så ofte denne delen av slekta er samla, så den eine gongen i året det skjer er det ekstra kjekt.
I går kveld var eg ein augneblink i tvil om vi nokon sinne kom til å komme gjennom gåvehaugen... Kven veit? Kanskje nokon held på fortsatt? Nokre sjansar må ein ta her i livet, og eg tek her og no sjansen på å vise fram noko av det eg har laga i julegåver til vener og kjente:
Keisernevøen fekk seg ein fredsgenser (utan fredsdue på). Oppskrifta "Peace baby" fann eg via Ravelry hos Jujube and Lolo, og pengane for oppskrifta gjekk til Leger uten grenser :)
Vinposen øvst til høgre er ein av fleire, med litt ulike fargar og mønster da. Grunnoppskrifta er henta hos Hedvig. Det var Line som fekk den på bildet, og Ingrid og Birgitte fekk også kvar si. Alle med vinflaske i så klart!
Serviettringane/lysmansjettane var det oversøster som fekk. Oppskrifta er henta frå Knitty.com sin vinterkolleksjon frå 2006, og heiter Venezia.
Smetteskjerfet strikka eg til dattera til eit vennepar i Tromsø, og er frå Garnstudio.
I tillegg har eg strikka eit swallowtailsjal til mamma, men mamma skal hjelpe meg å blokke det før eg viser det fram ;) Stakkars henne som får halvferdige julegåver, hehe...
Eg fekk også nokre heimelaga julegåver - til dømes julepynt, skjerf i bestemorruter og gryteklutar i patchwork. Men det får eg vise fram seinare, for no er det tid for nøtter og julehefter! Nyt romjula!

2 kommentarer:
God jul til deg og dine!
Så fine gaver du har laget :o)
Vakre tanker fra K@ri*
Tusen takk for genseren, den passer meg perfekt, eg får til og med plass te den store magen eg har arva etter pappa!
Legg inn en kommentar