24 mai 2010

Håkert

Prinsedåpen er vel overstått, og turen tilbake til Barteby tilbakelagt. Vi har hatt ei flott helg i vest, med ein alldeles herleg familie :) Vi har delt rom med keisaren, og det meste anna både med Ladeprinsessa, Gullhår, prinsen, og alle dei andre dyra i Hakkebakkeskogen ;) Det er mykje lyd og liv når alle er samla, men vi har det kjekt! Hovudpersonen; Prinsen, eller Håkert som han blir kalla av storebroren, tok det heile med stor ro. Like fin, anten han er i bleie eller i oldemor sin dåpskjole. Han gjekk frå fang til fang, og det gjorde forsåvidt Keisaren også... Ein skikkeleg sjarmør :) Den stolte storesøstra var nok litt meir aktiv og sjølvgåande saman med søskenbarn og venninner, men det er like stas å møte henne også såklart! Det er forresten ikkje berre ho som er stolt! Det vises godt på bileta :)
Ta til dømes morfar, den bunadskledde mannen som har fått mellomnamnet sitt vidareført. Ikkje så reint lite stolt! Mormor også naturlegvis, som for øvrig har ei enormt stor stjerne hos Keisaren. "MORMOR!" seier han begeistra, om det så berre er to minutt sidan sist han såg henne :) (Eg, "tante bolle", kom meg også utover helga, berre så det er sagt...) Foreldre og søsken er jo stoltast av alle, sjølv om eit familiebilde der alle ser i kamera og smiler ikkje er så lett å få til ;) Tanter og onklar, søskenbarn, fadrar, ungane til fadrane... alle ville vi ha ein bit av Håkert. Og alle fekk. Takk for lånet, og for laget! Det var nok nokon som syns det var litt trist at vi reiste i kveld, og vi som reiste syns heller ikkje det var høgdepunktet i helga, men det er faktisk ikkje SÅ mange veker til vi møtest på ferie i Romsdalen heile gjengen. Då skal vi lage fleire minne saman, og det gler vi oss til :)

4 kommentarer:

Marit sa...

Takk for laget, ja! Kjekk helg! "Eg synes nett eg låg her i senge og venta på at dei skulle komme!" var Gullhårs kommentar når ho hadde lagt seg i går, til kor fort dagane hadde gått! Det måtte til litt kos og trøst då, for avskjedar er ikkje kjekt, nei... Antiklimaks å sitte igjen i stillheten med mamma og småbrødrene etter slikt besøk! Gler oss til i sommar!

Ingeborg sa...

Nei eg såg ho var litt slukøra når ho gjekk inn att. Det er jo litt søtt/rørande også da :) Vi gler oss til juli i alle fall!

Fru N sa...

Herlige unger Ingeborg! Gratulerer med "Håkerten":)

Fru N sa...

Herlige unger Ingeborg! Gratulerer med "Håkerten":)