16 mai 2010

Se min hage...

...den er full av blomster!
Vi har besøk frå det store Østland denne langhelga! Det er veldig kjekt å ha slike gjestar, og veldig kjekt med litt ekspertise når ein skal etablere hage for første gong :) Eg og svigermor var på plantasjen i dag. Den travlaste dagen i året der visstnok. Kø for å få parkert, kø for å få tak i det ein vil ha, og kø i kassa. Herleg! :) Men fint vart det på balkongen i toppetasjen, og i morgon vil det ordentlege flagget sette krona på verket. Hipp hipp, hurra!

Eg har forresten supplert med ei kake i oppskriftsbloggen min, for svigermor kom med ein fristelse eg ikkje kunne motstå. Dermed laga vi oreokake i går, og no skal vi snart nyte det som er igjen :)
Jammen er eg flink til å feire at mappeeksamen er levert! ;)

Ingen kommentarer: