Søndagstur
Det har vore lite tid til gode søndagsturar i det siste. Gode søndagar har vi absolutt hatt, med familie og venner rundt omkring, men søndagsturar som sådan har det vore lite av. Difor var det ekstra godt å ta seg ein tur ut i dag! Turmålet var Geitfjellet, og ruta var slik: Sykle opp til Kyvannet og vidare gjennom skogen til Baklidammen, over demninga og opp til Lavollen. Derfrå til Geitfjellet til fots. Vi har faktisk ikkje vore der før, og det er alltid kjekt med nye turmål. Litt utsikt var det jammen også :)
Vi fann oss ein sitteplass i ly for vinden, og sette oss ned for å ete brødskivene våre. Då vi skulle til å gå heimover sa Mannen medan han gjekk litt høgare opp att: "Nei, eg må sjå litt meir på utsikta først. Har du tatt bilde av Gråkallen? Sjå her står Solveig forresten!" Og Solveig var ikkje åleine: Både mann og barn hadde ho med seg, og nokre vener med barn i tillegg. Så fekk vi helsa på Ladeprinsessa denne helga også :) Eg trur nokon prøver å seie oss at vi må sjåast oftare! Sist helg hadde vi tilfeldigvis bestilt flybillettar på samme fly, og i dag hadde vi vald samme turmål :)
Vel heime stod kvalbiff på menyen, og etter slik ein velsmakande middag var det tid for litt hagearbeid for min del. Mannen tok seg av sykkelvedlikehald imens.
Så no er verandakassene etterfylt med søte små lobelia. Dei nyinnkjøpte tomat- og agurkplantene har fått vatn. Jordbærplantene får vente til i morgon, for eg er litt usikker på korleis eg skal gjere det med krukka... Kanskje lecastein i bunnen, og jord oppå? Eller berre jord? Og kanskje eit fat under? Synspunkt vert teke imot med takk! :) Medan eg ventar skal eg nyte blåbærpai saman med Mannen, og kanskje få planlagt sommarferien litt?
Fortsatt god søndag!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar