09 mai 2010

Hæme

Vi har vore "hæme" i Romsdalen ein tur i helga. Der fekk vi mellom anna helsa på ein ny verdsborgar busett på Sunnmøre, gode mammamåltid, ein spasertur i vakre omgjevnader, og ei seng som vi tok med oss tilbake til toppetasjen. Det einaste eg har bilde av er den nye verdsborgaren, og det bloggar eg sjølvsagt ikkje utan tillatelse! Men han var skikkeleg fin altså! Eg lovar :) Vi må forresten gratulere med den nyfødte jenta i Tromsø også! Gratulerer!

For øvrig har keisarnevøen 2-års-dag i dag, og vi gratulerer så mykje! Om eit par veker skal vi nedover i prinsedåp, og då skal keisaren få ein ekstra god klem i anledning bursdagen :)

I mangel på andre egna bilete viser eg eit frå Paradisbukta på Bygdøy forrige helg. Ikkje så verst der heller igrunn. Berre bytt ut bebyggelsen på andre sida med snøkledde tindar, så er det vel eigentleg perfekt ;)

Ingen kommentarer: