20 februar 2011

Meir

Eg vart visst ikkje ferdig med reklamen i går eg. For sjå kva eg fekk i gåve frå venninnebesøket!
Inne på nettsidene til Snella og Petronella kan du finne knappar, mansjettknappar, øyredobbar som desse og diverse anna snadder med tekst eller sjarmerande motiv på. Eg let meg begeistre, og har vel igrunn sett meg ut nokre knappar til Lille Trille ;)

I haust oppdaga Mannen og eg ein ny butikk i sentrum. Ein godbit - i ordets rette forstand ;)
Litt dyrt kanskje, men o'nytelse! Dersom du er på facebook kan du følgje med Sjokoladebutikken der. Dei har meir enn berre sjokkis også. Kaffe, te, lakris... ja, ei heil mengde freistingar...

Til slutt litt reklame for våren. Eg tek på meg mine nye solstråleøyredobbar og beundrar tulipanane på spisebordet i vissheit om at sola varmar meir og meir dag for dag, at ettermiddagene blir stadig lysare, og at ei ferieveke innehaldande både Jungelboken på Chat Noir, Ski-VM og tur til Krakow nærmar seg med stormskritt :)

2 kommentarer:

Hanne sa...

Sjokoladebutikken ja... Det skulle gjerne vært litt sånt i Tigerstaden. Dra til Nidaros for å få seg Kokos-skum lissom...?! Ti,hi.

Ingeborg sa...

Bra du har ein solstråle i Bartebyen da ;)