Flyttemelding
Ja, så har eg altså flytta bloggen. Dersom du vil bli med meg vidare må du nesten legge inn ein søknad på telefon, sms, facebook eller e-post for å få adressa og passord ;) Takk for følgjet så langt!
Ja, så har eg altså flytta bloggen. Dersom du vil bli med meg vidare må du nesten legge inn ein søknad på telefon, sms, facebook eller e-post for å få adressa og passord ;) Takk for følgjet så langt!
Skrive av
Ingeborg
klokka
21:26
2
kommentar(ar)
Vi kosar oss fortsatt vi altså! Med sovinga, etinga og kosinga, trilleturane og besøka. Endeleg kom eit svært dedikert søskenbarn heim frå ferien, og det var heilt greit å kvile litt på det fanget også.
I går hadde det gått 1 mnd sidan fødselen, og vår lille venn feira med eit herleg bad. Det er gode greier det!
Også trener vi på å smile for tida. Muleg nokon av smila som tidlegare har vorte relatert til mageknip faktisk har vore "ordentlege" smil, men på søndag trur vi iallfall at det ganske sikkert var eit "ordentleg" eit. Men dei sit ikkje så laust enno, så det er vanskeleg å fange dei på bilete! Viss du legg godvilja til kan du kanskje sjå tendensen her?
Eller her?
Vi skal trene litt meir på det der trur eg ;)
Skrive av
Ingeborg
klokka
15:39
2
kommentar(ar)
Supergutten vår har supert næringsvett, og supar i seg av supermamma si supre morsmjølk. Han har dermed ein alldeles super vektauke, og er snart ein super kilo tyngre enn fødselsvekta :) Han søv supergodt i mange timar kvar natt, syns det er superdeilig både å bade og å ha daglege supre trilleturar. Han kan også vere supervaken, men likevel superroleg, i lange periodar på dagtid, slik at supermamma får gjort unna litt husarbeid i ny og ne. Vi trur dessutan han blir ein super tenor! Iallfall kan superhyla hans tyde på det... ;) (Vi må ha supre naboar som ikkje har kommentert dét enno!) Men det supraste av alt supert - det er super pappakos!
På toppen av det heile er vi superglade for at supergutten vår sin komande superbestevenn vart født i superfart på søndag! Vi sender varme klemmar og gratulasjonar både til han og dei supre foreldra hans, og gler oss supermykje til å helse på om forhåpentlegvis ikkje alt for lenge :)
Skrive av
Ingeborg
klokka
20:13
1 kommentar(ar)
I går var det 3 veker sidan vi to vart tre! Tida går, poden veks, og alt er som det skal :) Om det har skjedd noko nytt? Tja... Ordet sprutbæsj har fått ein ny dimensjon, vi har vore i bursdagsselskap, vi har lagt oss til ein uvane; å tisse på besøkande (eller dei vi besøker), vi trener på å smile (men får det ikkje heilt til enno), dei minste bleiane er no i minste laget, og vi har (på klarsignal frå helsesøster) introdusert smokk - med hell :)Mannen og brørne vart tekne bilde av i vippestol på sine trevekersdagar, så det måtte vi også - for å samanlikne. Den ekstreme likheita som var der ved fødselen er nok ikkje like ekstrem lenger, men fortsatt absolutt til stades! Uansett kven han liknar på og ikkje; like søt, om ikkje endå søtare, som han alltid har vore!
Vi får seie som kårkallen heie sa om meg då eg kom til verda: Han liknar ikkje på nokon! Han er fin!
Skrive av
Ingeborg
klokka
09:27
2
kommentar(ar)
Endeleg fekk vi nokre sommardagar i Trondheim også! Det gjer så godt å få litt sollys :) Med besøk både herfrå og derfrå er det kjekt å kunne bruke balkongen og Kyvannet også! Denne veka har vi hatt besøk av minstebror til Mannen, og av mine foreldre. Veldig kjekt for meg når Mannen og onkel lagar middag medan eg ammar, og når mormor og morfar byssar medan eg heng opp klesvaska ;)
Jammen har vi det ganske så bra alle mann her i toppetasjen. Så blir det jo litt spanande for den nybakte mor når Mannen startar på jobb att over helga. Då kan ingen smøre brødskiver til meg når eg har opna meieriet for eksempel! :P Men vi skal nok få det til saman eg og Lille Trille. (Snakk om upassande kallenamn forresten... Han er ikkje akkurat nokon Trille, sjølv om han legg på seg som berre det! Til vår og helsesøster si store begeistring :)
Skrive av
Ingeborg
klokka
09:48
2
kommentar(ar)
Ikkje det beste bildet, kanskje, men budskapet kjem iallfall fram! ;) Ein får skryte av seg sjølv når ingen andre gjer det, ikkje sant? Vekta hans går opp, mi går ned, brød blir bakt, kleda vaska, turar gått, og vi kosar oss!
Heller ikkje eit veldig godt bilde, men eg måtte berre vise fram storesøstra også. Ser du ho? ;)
Skrive av
Ingeborg
klokka
19:36
4
kommentar(ar)
I dag er det runddag i Toppetasjen! Vi feira med ein vektkontroll på sjukehuset, og jammen har vi vore flinke med amming og diing! Allereie passert fødselsvekta :) Det har vi feira - med meir mat ;) Mette og nøgde tok vi oss ein prat med farmor og farfar på Skype, i tøffe nye klede vi fekk frå Ladeprinsessa då ho var her på barselbesøk på onsdag :)
Det er ikkje så lett å slenge seg med på fakkeltog og slikt enno merkar eg, men vi har tent lys heime. Det blir sagt så mykje fint og klokt i desse dagar, og blant mine favorittsitat finn du det ei AUF-jente sa i intervju med CNN:
Skrive av
Ingeborg
klokka
22:28
0
kommentar(ar)
Den 15. juli kom Lille Trille styrtande :) Ein liten, herleg, nydeleg krabat som vi er heilt betatt av og utruleg glade i! Vi fekk god hjelp av flinke folk i to ekstra dagar på barselavdelinga (tusen takk!), men på onsdag fekk vi endeleg lov til å ta med den skjønne guten vår heim til Toppetasjen :) Vi kosar oss i kvarandre sitt selskap her heime, med amming, soving, bæsjing, besøk av slekt og vener, og massevis av kos.Så vi har det bra, midt oppi tragedien som har råka landet vårt i desse dagar. Vi må halde fast ved Kongen sin bodskap i talen sin:
Skrive av
Ingeborg
klokka
20:41
3
kommentar(ar)
Trøndelag slo til med strålande sol og sommarvarme i dag, og alle regndagane den siste tida er herved sletta frå minnet! Vi har markert termindagen med grilla laks og is med norske jordbær på balkongen. Jepsi også. Eg har nemleg lest at det er viktig at storesøsken får merksemd også ;)Mannen tok ut ein omsorgspermisjonsdag i dag. Det resulterte i ein Yoshi-bamse til Trille og eit spel til meg, +++. Mykje omsorg altså :) Men primært var det for å vere med på ultralyd altså. No har eg vore på to ekstra ultralydundersøkjingar for å følgje med veksten til Lille Trille. Det har seg sånn at magen min ikkje har vorte særleg større dei siste vekene, men Trille har fulgt kurva si fint sa dei i dag. Han er mindre enn gjennomsnittet, ja, men ingen grunn til bekymring.
Så då er det berre å fortsette å vente på at ting skjer. Han gøymde fjeset bak handa si på ultralyden i dag, så vi fekk ikkje kikka på ansiktstrekka. "Ein liten luring," sa jordmora. "Akkurat som far sin," tenkte eg ;)
PS: Ringane er tatt av pga hevelsar, og ikkje av nokon annan grunn! ;)
Skrive av
Ingeborg
klokka
20:08
1 kommentar(ar)
Skrive av
Ingeborg
klokka
22:09
4
kommentar(ar)
Eg er glad i tradisjonar, gjenbruk og arvegods. Ikkje for ein kvar pris, og ikkje kva som helst såklart, men denne er eg utvilsomt allereie veldig glad i!Mi kjære mormor sov i denne korga den gongen ho var spedbarn i 1917. Mange har heilt sikkert brukt ho opp gjennom forrige århundre, før eg sov i ho i 1982/83. Og no blir det snart Lille Trille sin tur :)
Mamma har formsydd kanten ein gong i tida. Og teppet som ligg oppi er det, som den observante lesar nok hugsar, eg som har strikka. Du og du så koseleg det skal bli å ta i bruk korga att!
Skrive av
Ingeborg
klokka
21:55
2
kommentar(ar)
Etter litt misnøye med kalde dagar ei vekes tid er det herleg med sol og sommartemperaturar att i dag! Det er hakket trivelegare å grille i solskinn enn i torden ;) I går var vi i Gauldalen og grilla, der svoger og svigerinne ferierte. Og Marley da.I dag hadde vi også tenkt å grille, heime denne gongen, men så kom pappa og spanderte middag på Tavern i staden. Grilling utsatt til i morgon ;) Og i morgon skal de få sjå kva anna mamma og pappa hadde med i bilen! Nostalgi er fine greier :)
Skrive av
Ingeborg
klokka
20:03
0
kommentar(ar)
Eg kosar meg og slappar av heime om dagane. Jordmor har anbefalt 2-3 avslapningsrunder på sofaen per dag, og eg er jo ei lydig sjel ;) Så eg benyttar anledningen til å kose meg med gode bøker og slikt, medan Jepsi bidreg med beroligande 'pling-plong'-musikk på matfar sin kassegitar ;)Og sånn går dagane ;) Ikkje så verst med andre ord!
Eg har forresten bestemt meg for å legge passord på bloggen etterkvart. No som innhaldet naturleg nok vil bli endå meir privat, og involvere barn i større grad, vil eg ikkje at bloggen skal vere tilgjengeleg for alle og ein kvar, men vere begrensa til slekt og vener. Eg kjem til å sende ut påloggingsinformasjon til dei eg vil skal ha tilgang, men det kan jo vere eg i svangerskaps- og/eller ammetåke gløymer nokon. Dersom du meiner du fortener tilgang må du difor ikkje vere redd for å ta kontakt på facebook eller sms :)
Skrive av
Ingeborg
klokka
13:19
2
kommentar(ar)
Stellekroken på badet er i bunn og grunn klar til dyst trur eg. Stellematte, badebalje, bleiebøtte, bleiar, klutar, handkle, og nyvaska babytøy i dei minste størrelsane ligg no klart.Så då er det berre for Lille Trille å kome, så vi får lært oss dette med bleieskift og stell! ;)
Skrive av
Ingeborg
klokka
16:57
0
kommentar(ar)
...GRATULERER til det flotte brudeparet! Eg både håpar og trur dagen vart slik de ville; BRA!Eg hadde det iallfall bra, så snart nivået av stresshormon i kroppen hadde komme ned på eit ok nivå... Det har seg nemleg slik at medan Mannen var på jobb på fredag skulle eg gjere klart til avreise med toget 15.39. Det gjekk forsåvidt fint det, heilt til eg i det vi svinga inn på togstasjonen innsåg at Mannen sin dress hang att heime... Og Mannen sin dress betyr jo i dette tilfellet forlovaren sin dress... Etter ein del tårer og det vi i kognitiv terapi kallar 'negative automatiske tankar' klarte Mannen sakte men sikkert å overbevise meg om at dette kom til å gå bra. Vi kunne jo berre kjøpe ein ny dress i Oslo på laurdag! Og eg som er så glad i shopping og å bruke pengar... Mora til brudgommen lånte oss strykejernet og prestekontoret sitt 45 minutt før vigsla, så vi fekk stryke kvitskjorta til forlovaren og skifta i tide. Stresset til tross: resultatet vart jo ein ny fin dress!
På slutten av kvelden (vi var dei siste som forlot lokalet! Sprek ja?) kom den gravide på at ho også hadde lyst til å vere med på eit bilete. Difor litt trøtt i trynet, men eg måtte jo få foreviga kjolen! Og dressen ;)
Både Lille Trille og NSB oppførte seg eksemplarisk heile helga, og det som skar seg i starten fekk jo ein happy ending :) I tillegg fekk vi treft att mange gamle kjenningar, og først og fremst: Mannen sin beste kamerat er endeleg smidd i hymens lenkjer han også :)
Skrive av
Ingeborg
klokka
11:00
2
kommentar(ar)
Joda, eg har klart å svi av nokre hundrelappar i dag også eg... Men no er også det meste klart! Stellekroken på badet har tatt form i dag, med klutar, handkle, badebalje og meire til. Whirlpoolane mine har gjort ein solid innsats i dag igjen, med vasking av dei minste størrelsane, handkle, sengeklede og diverse vogndelar. Redebygging er koseleg! Iallfall når eg kan fordele det utover dagen, iblanda balkongliv med Harry Hole og saftis ;)
I kveld har eg svinga meg litt framom kjelane også. Resultatet av ein drøy kilo rabarbra ser du her:Eg googla 'rabarbrasyltetøy' og fann fram til den fantastiske bloggen 'Mat på bordet'. Der var det mange fristelsar! Mellom anna då altså 'Rabarbrasyltetøy med vanilje'. Klikk deg inn og la deg friste du også! Eg er sikker på at eg skal innom der igjen med tid og stunder. Og eg er sikker på at dei tre avbilda glasa kjem til å forsvinne ganske så fort! NAM!
Skrive av
Ingeborg
klokka
20:01
0
kommentar(ar)
I dag er min første dag i permisjon, men eg har allereie hatt fri i fire dagar. Dei har eg fylt opp med avslapning, grilling, tur i torevêr, baking, avslapning, frisørtime, strikking, shopping, kinotur og endå meir avslapning. Eg kosar meg :) Det trass i gårsdagens pengeforbruk... Gjerrigknarken i meg steilar, men av og til berre må ein - ikkje sant?
Først frisørtimen. Eg tenkte som så at det kan bli lenge til neste mulegheit! Og eg vart godt nøgd. Dessutan skal vi jo i bryllup til helga, så det var jo greit å renske opp litt. Når ein skal i bryllup, og Mannen attpåtil er forlovar, er det jo klart ein må ha med gåve. Medan dama i butikken var på lageret og henta det eg skulle ha fann eg noko til meg sjølv også eg like greit. Så var det kjole til bryllupet, og sidan eg ikkje har visst kor stor eg kom til å bli har eg utsatt handelen til no. Det endte med at eg kjøpte to...
Skrive av
Ingeborg
klokka
10:46
0
kommentar(ar)
Skrive av
Ingeborg
klokka
19:58
0
kommentar(ar)
10 mnd "ferie" er no igang, og vi har slått til og kjøpt oss gassgrill! (Weber Q200 for dei som måtte vere interessert i det).Etter ein bytur som inkluderte handel både på sjokoladebutikken og på Ravnkloa, har vi sutte på verandaen og slappa av med bok og strikketøy. Mannen har tatt seg ein dukkert, og så rakk vi akkurat å innvie grillen og nyte ein saftig kyllingfilet før tordenbygene nok ein gong rulla forbi.
Godt nøgd med kjøpet så langt! Og no: Dessert. Innandørs.
Skrive av
Ingeborg
klokka
19:04
0
kommentar(ar)