09 juli 2009

Den o'store sykkelferien

"Har du slått deg i hovudet med noko hardt?"
"Du veit at det går tog fortsatt?"
"???"
"Du meiner vel ikkje det i fullt alvor!?"

Dette er døme på reaksjonar eg har fått når eg har fortalt om ferieplanane våre. Vel, eg skal vere såpass at eg tek med desse også:
"Så kult!"
"Det blir ein fin tur!"
"Ja det bør jo gå bra."
"Kjempeartig! Håpar de får fint vér :)"

Vel, no er det iallfall gjort. Vi har sykla Trondheim-Vågstranda. Vi brukte tre dagar på dei 26-27 mila, og nei - vi angrar ikkje! Jada, eg er sår i baken, stiv i låra og småbetent i den eine akillesen, men også ganske så stolt og glad og nøgd med turen. Eg er jo på ingen måte ein driven syklist, så dette må då vel vere bra?
Allereie på veg ned til Øvre Leirfossen i Trondheim hoppa dei nye sykkelveskene av bagasjebrettet. Eit par kilometer etter hoppa bremsene til Mannen av. På Tiller (8 km etter startpunktet) måtte vi fylle luft og kjøpe cola. Jaja, tenkte eg, det blir iallfall bra med pausar! ;)
Ruta var nøye planlagt for å unngå tunnellar. På Øysand åt vi brunsj i fjøresteinane før vi som de ser på kartet sykla gamlevegen til Orkanger (nydeleg strekning!), og derfrå Riksveg 65 til Storås, vidare over Rindalsskogen og til Rindalen. Der vart vi godt tatt imot av onkel og tante med spekemat, ein god dusj og ei god seng. Vi fekk også helst såvidt på søskenbarna mine som det er ca tusen år sidan eg såg sist. Veldig koseleg.

Etter å ha fått servert ein framifrå frukost av tante sykla vi gamlevegen på nordsida av elva ned til Surnadal sentrum der onkel viste oss rundt i det nye bygget til Svorka. Vi inntok ein god og energifylt lunsj utanfor kulturhuset før stigninga (for ikkje å snakke om stigningANE) over til Betna og vidare til Halsa stod for tur. Det er då det gjeld å finne gode fotomotiv, ha akutt behov for noko som ligg litt nedi sykkelveska etc for å få etterlengta pausar ;) Vi kom oss iallfall heilskinna over og ombord på ferja før ei aldri så lita mil stod att før vi kom til campinghytta vår på Kvisvik. Jammen godt med ein god dusj, mat og søvn denne dagen også.

Dei verkeleg gode fotomotiva lot vente på seg til dag 3. Det var då vi for alvor inntok Romsdalen og det vakre landskapet denne regionen har å by på. No vart det straks opnare og finare, og meir interessant å ferdast. Men det var dag 3 dei verste smertene sette inn også. Sår rumpe, småstive lår, og altså akillessenebetennelse. Dette i kombinasjon med at delar av bakfelgen på sykkelen til Mannen sprakk gjorde at vi valde å ta hurtigbåten til Vikebukt i stadan for ferja til Furneset, og dermed spare eit par-tre mil på slutten. Nok ein ting eg ikkje angrar på, hehe. Ein god burger på Tante Klaras, og så dei siste sjarmørkilometra heim til Hansgarden :)



Turen sine nedturar:
Smertene
Oppoverbakkane
Ein irriterande opplagt og plystrande Mann bak meg når eg var sliten ;)

Turen sine oppturar:
Meistring
Nedoverbakkane
Ein motiverande og hensynsfull Mann bak meg
Å føle seg kulare enn fyren med Harleyen som stod ved sidan av oss på ferja mellom Halsa og Kanestraum ("eg og sykkelen min er tøffare enn deg og sykkelen din" tenkte eg)
Nydelege omgjevnader
Å komme fram

Om det blir fleire sykkelferiar?
Ja, det vil eg tru :)

7 kommentarer:

Marit sa...

Sprekingar! Ser det er fleire oppturar enn nedturar - godt tegn på ein suksessrik tur! (Eg trur neppe eg hadde følt meg kulare enn han med Harleyen - især ikkje sveitt, stiv og sår etter alle bakkane...men no har eg no ikkje sett han då...)

Tone sa...

Ser ut som om det var en bra tur:=) Imponerende altså!

frøken ij sa...

Bra gjennomført :) Veit ikkje om i hadde gjort d, men all ære til dei som klare d :) Håpe du fær en strålande ferie heime, go sommar.

Ingeborg sa...

Marit: Han var vel tøff nok han, men vi var kulare rett og slett fordi vi gjorde som vi gjorde, og fordi vi brukte muskelkraft til å komme oss fram :)

Tone Og IJ: Takk og takk :)

K@ri sa...

Okei! Okei! Okei!
Jeg lover at jeg ikke skal komme med flere dumme kommentarer!
Dere er utrolig spreke! Det står respekt av hva dere har gjort! Og jeg syns det er flott at dere sier at dere gjerne gjør en lignende tur igjen.
Det er nok misunnelsen som gjør at jeg slenger med leppa, men som sagt: Nå skal jeg holde munn!
Svar til deg i bloggen min forresten.

Nyt ferien, og så treffes vi plutselig :D
Klem fra Kari*

(:I:) sa...

Dyyyyyyyyyyyyyyp imponert!!!! Det der står det respekt av!! :)

Line sa...

Ja, Ingeborg - jeg er så stolt av deg og dere!!!