Reistadkollen og Talbergnakken
To små fjellturar dei to siste dagane må visast fram såklart. I går var vi som sagt på Kollen saman med tre turistvener. Det er ein fin tur opp dit, sjølv om det er eit stykke å gå langs grusveg dersom ein går den ruta vi valde. Men utsikta er slett ikkje verst derfrå, og dersom ein beveger seg litt rundt der oppe kan ein sjå store deler av bygda i fleire retningar.
Mannen hadde aldri vore på Nakken før, så i dag bestemte vi oss for å gå dit. Frå Vikåsen er det ikkje så langt å gå, så det vart ein rask tur. Vi stoppa litt for å ta bilete av brannområdet på veg opp. På toppen var det vindfullt, så det var ikkje så koseleg å sette seg ned der oppe, men vi fekk tatt litt bilete og nytt ein sjokoladebit før vi returnerte. Ein passande tur for akillessenene mine i desse dagar...
For øvrig kan eg anbefale nettsida Romsdal.com for å gjere seg kjent med turmål i Romsdalen. God tur :)

1 kommentar:
Når du skal omskoleres kan du jo begynne som guide i Romsdalen :o)
Klem fra Kari*
Legg inn en kommentar