13 juli 2009

Nostalgi og idyll i havgapet

Eg og Mannen har no vore eit par i 7,5 år, og eg meinte det var på tide å presentere han for den vakre øya Grip utanfor Kristiansund. Vel, aller mest hadde eg vel lyst på ein tur sjølv... Men han vart iallfall med :) Mamma og pappa også. Grip er eit fiskevær uti havgapet der bestefar min voks opp. Dei siste fastbuande flytta derfrå i 1974, men slekta mi forlot øya på 60-talet ein gong. Eg har faktisk vore der berre to gonger tidlegare, men øya representerer på eit vis Saltkråkan i barndommen min likevel.

(Bilete av eit bilete på utstillinga til Gripværingen på Grip).
Ser det ikkje idyllisk ut, kanskje?

Det var MS Frøysprint som frakta oss frå Tahitibrygga i Kristiansund ut til Grip. Det er heilt uproblematisk for dei fleste når véret er slik det var for oss i går: sol frå blå himmel, og stille sjø. Meir utfordrande kan det vere når vindstyrke og vindretning er annleis, men tenk korleis det var når dei rodde dei 14 kilometra inn til byen! Ikkje anna enn imponerande rett og slett. Til Tustna rodde dei også. Dei fekk visst mellom anna tak i ved derfrå fortalte pappa. 1 krone sekken betalte dei for den. Det var tider det!

Etter eit lite stykke utover, og etter mange søkande blikk framover, dukka dette synet opp. Kanskje ikkje så lett å sjå på dette biletet, men det er Grip altså! Heilt sikkert! På andre sida av båten såg vi no Inngripane, der dei mellom anna hadde eit nødhus. Oldefar skal visstnok ha rodd sauene sine ut dit på sommarbeite også. Vel framme på Grip fekk vi fortalt at folk frå Tustna seinast i fjor brukte desse øyene til sauebeite.

Øya nærma seg seg stadig, og plutseleg var vi der. Sjølv om det er årevis sidan sist eg var der klarte eg jammen å kjenne att både det vesle kvite huset der oldemor mi (som eg for øvrig er oppkalla etter) voks opp, og Bispegården der bestefar vart født og voks opp.
Oldemor flytta jo heim til oldefar i Bispegården etterkvart, så det er det huset som kunne ha vore vårt - teoretisk sett. Bestefar og søskena hans valde derimot å selje det ut av slekta for 2000 kroner... Tenk så fantastisk det hadde vore å ha eit hus på Grip! Men tenk så fantastisk mykje arbeid og vedlikehold det ville ha vore på denne vérharde flekken også... Vi helste på dei som har huset no. Pappa syntes han måtte forklare kvifor vi sirkla dei inn og tok så mange bilete av huset deira, hehe...

Her er eit knippe andre viktige bygg på Grip. Øvst til venstre har du stavkyrkja. Kyrkja vart bygd i ca 1470. Den tida eg spelte kyrkjeorgel sa bestefar at han skulle ønskje han fekk høyre meg spele orgel i Grip stavkyrkje ein gong. Slik vart det nok ikkje, men kyrkja er like flott likvel den :) Gripkroa er nyskulen på Grip. Der er det no kafeteria. Sist vi var der ute var det ei eldre dame som dreiv han. Når ho fekk høyre at eg var oldebarnet til Ingeborg sa ho sporenstreks at ho kunne sjå at vi likna. Det var nok mest berre ei frase, for vi er nok ikkje særleg like av utsjånad. Men oldemor ville i følgje bestefar ha likt meg kjempegodt sidan vi heitte det same, og ho ville ha gjeve meg sjokolade kvar gong vi møttest ;) Nedst til høgre er Gripstua, som er/var forsamlingshuset/samfunnshuset på øya. Biletet øvst til høgre viser grisehuset til oldefar ;)

Foreninga Gripværingen har laga utstilling på øya, der ein kan sette seg inn i historie og utvikling. Det var mange bilete der også, og jammen dukka det ikkje opp kjentfolk. Eg måtte berre ta bilete av desse bileta. Til venstre trur vi det er bestefar min som står fremst på midten av biletet. Vi er ikkje sikre, men meiner å dra kjensel på nokre slektstrekk ;) Vi får prøve å rote fram nokre barnebilde av bestefar eller sønene hans og samanlikne.

Den siste frå slekta vår som flytta frå Grip er dama du ser til høgre her. Det er søstra til oldefar, og altså pappa si gamletante. Olava heitte ho. Eller tante Lava som dei kalla henne. Ho budde i andre etasje i Bispegården. Pappa har fortalt historier om korleis ho jobba med klippfisk og fiskemagar, og korleis ho saman med oldemor otta seg når pappa og onklane mine var på besøk på Grip. Så lite sjøvant som dei var syntes dei ikkje det var noko særleg å ha dei springande på berga, og iallfall ikkje ute i båt! Det gjekk jo bra heldigvis, om ikkje heilt utan dramatikk! Vi snakka med ei dame på Grip i går som hugsa tante Lava godt. Ho hugsa også at det brukte å vere tre småjenter på besøk hos henne, og det var søskenbarna til pappa. Vi var innom ei av dei på Møst på Frei på veg attende i går ettermiddag.

Det er alltid stas å kome seg ein tur til Grip. Båten returnerer etter to timar. Eg og mamma var einige om at det igrunn er nok når ein ikkje har noko hus der ute, for det er jo ikkje store øya å fare over. Pappa derimot meinte at han kunne ha brukt heile kvelden på å gå rundt og ta bilde av hus og ting, snakka med folk og mimra litt. Det er nesten så eg tek til å bli einig med han trur eg, sjølv om eg fekk tatt mange bilde på dei to timane vi var der også. Bebyggelsen er jo i seg sjølv særs fasinerande her ute, så ein kan jo fortape seg berre i den! Nedst til høgre i denne montasjen ser du forresten fotballbana. Det hendte rett som det var at ballen havna på sjøen ;)
Det er lett for dei som har eit forhold til øya å bli nostalgisk og ivrig når ein er på besøk. Det gjeld for pappa, som har feriert der ute som barn fleire gonger, men også for meg som har vore der berre tre gonger. Eg er trass alt oppkalla etter ein Gripværing! På stabburet heime står gyngestolen hennar - og no er han min :)

2 kommentarer:

Marit sa...

Dette var eit gildt innlegg! Litt flaut at ikkje eg har teke med meg Geir ut dit enno... Han spør stadig når det skal skje...

K@ri sa...

ÅHHHHHHHHHHHHHHH! Så herlig!
Nå kjente jeg virkelig lukta av saltvann! Det skal ikke bli lenge før jeg skal dit jeg også, men det blir ikke denne sommeren, tror jeg...

Klem fra Kari*