Husmor på ein, to, tre
Nokon av dykk fikk kanskje med seg at vi var i bryllup 4. juli. I dette bryllupet presenterte brudeparet alle gjestane skriftlig i sangheftet, og om meg stod det følgjande:
Forfatteren bak den kommende boka "Husmor på ein, to, tre". God på strikking, matlaging, kjerringråd og blogging. Alltid en anekdote på lur, pliktoppfyllende korist, hissig bak rattet og Romsdalens guitar hero.
Jaha, tenkte eg. Eg kan vere einig i fleire av desse tinga. Kanskje ikkje alle, men absolutt fleire. Det eg verkeleg hengte meg opp i her, og som har kverna i dei små grå dei siste vekene, er at eg skal skrive ei bok som heiter Husmor på ein, to ,tre. Tenk det visste eg ikkje!
No har eg rett og slett måtta lagt meg i selen og øvd, så sist veke kjøpte eg meg nytt kjøleskap (kombiskap) med større fryseplass enn det forrige, fylte opp den eine skuffa med kanelbollar, banankakemuffins, grove rundstykke, grove brød (oppskriftene finn du i Oppskriftsbloggen min), og heimelaga bringebærsyltetøy. Sjølvsagt har eg vaska både koppar og kar, hus og klede. Som den moderne kvinna eg er har eg vore på jobb også, og enkelte dagar har eg laga middag. (Enkelte dagar...Det betyr at Mannen må få eit kapittel i boka han også, flinkingen!) Strikkinga ligg i posen sin, men det kriblar i fingrane! Den må nok fram i løpet av kvelden. Men først skal eg kose meg med ein kopp kaffe og banankakemuffins :)
Viss du lurte på kva som stod om Mannen skal du få sleppe å lure særleg lenge:
Pølsemaker fra Ringerike. Kjent for harde langskudd på fotballbanene som man aldri vet om går i mål eller ei. Spotify-frelst og seig på sykkelsetet. Glad i å spille spill med brudgommen, og offer for brudens trang til å leke Kristine Giftekniv.
Stemmer ikkje så dårleg det heller, gitt... Kjekt med gode vener som kjenner oss så godt :) Og takk for gifteknivinnsatsen ;)

6 kommentarer:
Bare hyggelig! Regner med at Steffen og Gunnar skal spille Cranium mens vi to er på blåbærtur ;)
Haha! Ja det skal du ikkje sjå bort frå ;)
Cranium! Hælle måne.
Det heter ikke Ringerrike, men Ringerike. Feil i brudparets program.
Feil eller indirekte humor...?
Kan jeg få en signert kopi av førsteutgaven?
Hilsen en som kanskje skulle visst litt mer om de tingene du er så flink til..
Feil eller indirekte humor? Det Ringerikke en bjelle.
Legg inn en kommentar