15 juli 2009

Turistguiding

Eit vennepar av oss i Trondheim, Mari og Lars Eirik, har disponert ei hytte på Vågstranda eit par dagar denne veka. Dette var i samband med at dei hadde besøk av ein venn frå Berlin, og eg må seie meg heilt samd i valet av kva som er viktig å vise fram av landet vårt. At Vågstranda stod såpass høgt på lista deira gjer meg varm om hjartet ;) Vi vart engasjerte som lokale guidar, og fekk repetert ein del tysk igjen...

Trollstigen var naturlegvis ein del av touren. Dessverre var det tåke, så det totale inntrykket med tindar og det heile fekk nok ikkje turisten med seg. Men like blid var han. Tåka hadde ikkje letta når vi kom opp til Trollveggen heller, men han lot seg uansett fasinere av klatrerutene som var vist på eit oppslag på rasteplassen der. Tur på Litjefjellet droppa vi på grunn av vérforholda. Mot kvelden letta skydekket, og vi tok han med på grilling i fjøra og Viking-spelet Kubb. Han sa iallfall at han var godt nøgd med dagen. Når han til og med fekk sjå ei nise som var oppe i overflata og henta luft følte han nok at han var i pakt med den norske naturen ;)

I dag tok vi heile gjengen med på fjelltur på Reistadkollen. Vi tenkte at dette var passande vanskelegheitsgrad for ein bygutt, samtidig som han fekk bra utsikt over fjell og fjord. Eg trur vi traff relativt bra med valet, for alle var einige om at det hadde vore ein fin tur.

No har vi ståande invitasjon til å ta kontakt dersom vi vitjar Berlin igjen. Kven veit - kanskje vi tek turen dit ein gong til?
Posted by Picasa

Ingen kommentarer: