Lykke og dramatikk (redigert)
Vi kosar oss fortsatt i varmen! Vi har vore på Snarøya hos Thomas og Silje, på fotballkamp på Telenor Arena, ein liten tur over svenskegrensa, barselbesøk hos Ingvild og Trond, grilling hos Tone og Runar i Hakadal, og i dag blir det grilling og feiring av Ole Martin sin 10-års-dag i Sandvika.
Medan vi nyt varme og gode dagar på Østlandet er det meir dramatikk heime på Vågstranda. Eitt av dei 1500 lynglimta mellom Sognefjorden og Kristiansund på mandag slo ned på Hjelviksida av Talbergnakken, og jammen tok det fyr. Det brann omtrent på samme staden for 43 år sidan, men så vidt eg veit var det litt meir omfattande den gongen. Etter veldig lang tid fekk brannmannskapet endeleg innvilga helikopter i går kveld, og fekk sløkt brannen før han spreidde seg til meir verdifull mark og boligområde.
Bildet er henta frå Åndalsnes Avis, og det er onkel Tormod som har tatt det.
Edit 1.07.09 kl 23.50: Brannen blussa opp igjen i ettermiddag, og brannvesenet jobbar på spreng for å få full kontroll. I kveld var det litt rolegare att. Hald dykk oppdatert på Åndalsnes Avis, Romsdals Budstikke, og NRK Møre og Romsdal.

1 kommentar:
Fekk bukt med han til slutt.
Legg inn en kommentar