I dag har vi feira i Hansgarden.

Vi har nemleg mykje å feire. Minstemann fylte 5 månader, men
kaka vart vel i større grad nytt av opphavet vårt - som har 43 års bryllupsdag i dag! Gratulerer :)

Hehe... Dei såg ikkje så lystige ut på dette biletet, men eg trur dei kosar seg med besøk av barn og barnebarn! Vi kosar oss iallfall. Barnebarna aktiviserer seg kvar på sine måtar...

Og no ser det ut til at vi ikkje har venta forgjeves på sola heller. Forhåpentlegvis får vi til ein fjelltur i morgon før vi reiser vidare. Så får vi berre beklage at det vart dårleg med jazzing på oss i år... Eg skuldar på vergudane.
1 kommentar:
Åååh! Sånt sengesett som minsten ligger på nede i høyre hjørne har jeg også :D Og gratulerer med opphavet :)
Legg inn en kommentar