Aktivitet både ute og inne
På mamma sitt kjøkken er det ofte aktivitet, til glede for fastbuande og gjestar :) Både vossebollar og oreganobollar har vorte trylla fram i dag. Og når eg tok meg tid til å løfte blikket frå bakebollen gjenoppdaga eg mange fine detaljar. Noko gammalt, noko nytt, og alt pregar rommet.
Det er særleg det gamle som fascinerer meg må eg innrømme. Den gamle vedkomfyren, vaffeljernet, syskrinet, vekta... Og velduftande liljer - som det bugnar av på alle kantar utandørs! Utandørs har for øvrig Mannen hatt sitt domene i dag, med ørlite hjelp frå meg ein liten time. Bilvask og polering er det han har sysla med, med godt resultat. No er det ikkje noko problem å spegle seg i bildøra ;)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar