Blåsbortdagen :)
Også i dag var motivasjonen til stades for å gjennomføre ein markatur, dels på hjul - dels til fots. Som Romsdaling har eg ofte gjort litt narr av det dei kallar fjell her i distriktet. Likevel blir det jo for dumt å ikkje ha vore på det høgste punktet i Bymarka! 565 moh er jo ingenting for ei romsdalstaus! Så i dag, på sjølvaste blåsbortdagen, la vi altså turen til Storheia. Vi sykla og gjekk om kapp med nokre faretruande regnværsskyer, men blåsborten tok dei med seg forbi oss :) Dermed var det berre vinden og oss sjølve vi hadde å stri med, og det var jo ingen sak! Eller...? Ta ein kikk på denne "filmen"!
Det skal ikkje vere så enkelt! Artig var det iallfall :) Men det nytta ikkje å nyte nistepakka på toppen! Dermed labba vi ned til gapahuken ved Kvistingen, og kosa oss i ly av vinden ei god stund.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar