19 juli 2010

Skattejakt og meir fjell

Heile familien er samla med stort og smått! Det er ikkje så ofte det skjer over såpass lang tid som denne gongen. Ekstra koseleg er det at det skjer heime hos farmormor og morfarfar ;) Det er full fart jamnt over, og høgdepunkta er mange.

Prinsesse Gullhår fylte 6 år tidlegare denne månaden, men syntes det var greitt å få gåva frå tante og onkel no. Men først måtte ho gjennom eit av ovannevnte høgdepunkt; skattejakt. Ladeprinsessa fekk sjølvsagt vere med, medan Keisaren og Prinsen tok det heile med stor ro.
Etter å ha vore innom både leikehuset, grindsenga, terrassen, doen og flaggstanga fann dei fram til stolen ved sidan av orgelet. Der låg det ein ny lapp der det stod: Gratulerer med dagen! Klem frå tante og onkel. Men kva var gåva eigentleg? Kva var det lappen låg på? Kunne det verkeleg vere sant at det var gitaren som var gåva?? :)

I dag har vi vore på Litjefjellet, og denne gongen letta tåka nokre minutt slik at vi faktisk fekk sett utsikta. Godt var det! Dei to prinsessene klarte turen godt på eigne bein, medan Keisaren hadde det godt i bæremeisa. Det var litt kjedeleg å ikkje få lov til å gå utfor stupet, men med ein Bixit turbar som erstatning gjekk det greit det også ;)
Kanskje like greit at prinsessene var opptatt på ein annan kant medan ein pappa og ein onkel leika seg med dette? (Det er ikkje så dramatisk eigentleg altså!)
Og litt greit at det var litt tåke også? Det kan iallfall bli tøffe bilde av det!

Ingen kommentarer: