Traksjonsapofysitt
I går var vi ein tur til Sunnmøre for å sjå til at fadderbarnet vårt skikkar seg vel. Det gjer han.Sist vi møtte han var i dåpen, med mykje folk og styr rundt. Dermed satt smila naturleg nok litt lausare denne gongen, til stor glede for fadrane :) Forsåvidt ikkje rart ein dreg på smilebandet når ein har så rare fadrar!
Men det artigaste i går var vel likevel medisinske faguttrykk, så som "traksjonsapofysitt" ;)
Kjempekoseleg at det klaffa slik at vi kunne komme på besøk denne gongen også! Det var ein veldig fin ting å gjere på ein av mange regnversdagar... Så får vi satse på jazz i morgon, og at meldingane om fint fjellvér slår til på fredag!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar