Brev frå Niger :)
I postkassa i dag låg ein konvolutt frå Plan, og oppi den var eit brev med oppdateringar om fadderbarnet mitt i Niger :) Han har no vorte 14 år, men ein veit ikkje akkurat når han har bursdag da. Sidan sist har onkelen hans flytta heim etter å ha budd hos andre slektningar, men mora hans har flytta ut til andre slektningar... Han går fortsatt på primary school. Skulen ligg mindre enn ein halvtime unna der han bur. Han har hatt ein del feber, men har fått behandling og er no frisk. Vedlagt var to nye bilete av han, og han har blitt så stor!
Plan har jobba med litt forskjellege prosjekt i nærområdet hans. Mellom anna jobbar dei med å forbetre helsesenteret, dei driv aktivitetar for å auke bevisstheita om at utdanning er viktig, dei er med på å bygge opp sjølvhjelpsgrupper for kvinner, dei har hatt arrangement for at nigerianske familier skal bli kjent med Plan og arbeidet deira, og dei har drive opptrening av frivillige.
Det er så kjekt å vere planfadder! Eg trur det eg likar med Plan er at eg har eit namngitt fadderbarn samtidig som pengane går til fellesskapet rundt han, og ikkje berre til han. Han er ein flott gut, og eg føler meg priviligert som kan vere til hjelp!

2 kommentarer:
Ja, det er kjekt å vere Plan fadder. Eg hadde ein gut i Mali i 12år, no har han blitt 18 så no har eg fått ny fadder. Spanande og godt å vite at ein kan bidra litt!
Så du alle de fine fargene da?
Tror jeg har tatt nesten 200 bilder i dag!
Legg inn en kommentar