Observasjon II
Altså; når dverggurami nummer to gjorde sitt inntog i akvariet vårt på laurdag observerte vi tentakling mellom dei to. I dag: nussing. Då er det berre å halde augene opne for synkronsvømming, for alle veit jo at det kan føre til barn ;)
Berre så det er sagt så finst det teoriar om at synkronsvømming kan vere ei slags kurtise mellom par i enkelte fiskeartar, men ein veit det ikkje sikkert ut frå det eg kan finne ut på nettet. Men det førekjem visstnok oftast mellom to fisk av ulikt kjønn, og er visst veldig vakkert :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar