Nytt og nyttig
I går kveld hadde eg og Mannen det vi brukar å kalle ein "gjerekveld". Heilt impulsivt faktisk. Lite visste eg idet eg stod opp i går at eg skulle tilbringe kvelden på diverse butikker på Lade, men sånn vart det. Eg angrar ikkje heller. Vi fekk til dømes endeleg ordna stålampa vår, sånn at vi har lys i stova sjølv om julestjerna og adventsstaken er rydda bort :) I tillegg fekk eg endeleg kjøpt noko som eg lenge har hatt lyst til å kjøpe, men som som Mannen har meint er heilt unødvendig. Sidan eg fekk pengar i bursdagsgåve hadde han plutseleg ikkje så mykje han skulle ha sagt, og dermed har vi no kaffiservise til tolv. Så det så. Eg trøstar han med at det var veldig billeg (kjøpt på Ikea), og han har ikkje klaga ;) I tillegg fekk eg eit spark bak i forhold til å montere den siste hylla i seksjonen, sånn at serviset fekk plass.
Etter ikeaekspedisjonen gjekk turen vidare til Clas Ohlson for å få tak i det vi mangla for å fikse lampa, og deretter innom dyrebutikken Tam. Der fekk vi fornya fiskebestanden vår litt, og har no ein ny liten Ancistrus og ein nydeleg liten dverggurami i akvariet vårt. Og ei ny og fin plante. Det er så kjekt!
Så det var gårsdagens nyervervingar. Men eg har meir på lager. Eg har heilt gløymd å vise fram ei gåve eg fekk av mi kjære venninne Anniken. Det er ei meir eller mindre kjent sak at marihøner står mitt hjerte nært. Den som veit dette best av absolutt alle her på jord er Anniken. Då vi kom heim til Vågstranda i romjula hadde pappaen hennar vore innom med ei gåve til meg frå henne. Ei særs passande gåve - og det visste ho så godt! Sjekk dei fine lysa!
Eg har litt nytt å melde på strikkefronten også. Ikkje dei store tinga kanskje, men i tillegg til lappar til NSF vennskapsteppe har eg strikka både ei lue, lommetøfler, og pulsvarmarar som ikkje er ferdigmontert.Lua er strikka i Smart på pinne nummer 4 etter ei oppskrift eg fann på Ravelry.
Lommetøflene er strikka i Ullteppegarn på pinne nummer 4. Oppskrifter florerer på nettet. Eg fann oppskrift både på Ravelry og på NSF. Dei er ekstremt enkle å strikke, og utruleg greie å ha med seg i, ja - lomma, når du skal besøke venninner etc. Dei skapte stor fasinasjon bland mine korvener i helga. Eg har tenkt å pynte dei litt da, men har ikkje kome så langt enno.Også var det pulsvarmarane. Dei er strikka med ein tråd Drops Alpaca og ein tråd Drops glitter. Eg har ikkje fått festa trådar og montert dei enno, men eg trur dei blir veldig bra. Oppskrifta er frå garnstudio.
Det som ikkje er fullt så nytt er forlovelsesringen min som eg i dag har hatt i tre år :) Hurra for Mannen og meg!

1 kommentar:
Jeg bruker photoshop når jeg redigerer bilder. Bruker det hovedsaklig til å beskjære, endre størrelse og sette sammen flere bilde til ett. Men er også greit for å endre på farger, og bedre kontraster. Regner med at det er flere programmer som kan gjøre nytten, men jeg vet ikke hvilken det kan være.. :)
Legg inn en kommentar