Korrigering av landsdekkjande avis
Det står om oss (altså Aurum) på nettsidene til Vårt Land! Publisitet i ei landsdekkjande avis! Trykk her for å sjå kva dei skriv.
Det er ikkje så lett å vere journalist no til dags, så dersom du er interessert i å vite dei korrekte fakta bør du lese følgjande:
JA - vi er meir enn berre ein vennegjeng som møtest for å drikke kaffe og ete kaker (sjølv om vi gjer mykje av det også), og vi har bygd oss opp frå grunnen av.
JA - vi vart "anerkjent" i utlandet hausten 2008, men konkurransen heitte Praha Cantat, ikkje Cantan.
JA - nokon av oss (under halvparten) har gått på Viken folkehøgskule, men Aurum vart oppretta fleire år etter at dei av oss som har gått på Viken faktisk gjekk der. Ho som er sitert i artikkelen har aldri gått der, men hos "rivalen" Tonheim. Vi er altså ikkje eit kor som har forflytta oss frå Viken til Trondheim.
JA - vi sang stykke både av Tormis, Kverno og Lauridsen i Vår Frue (uten s) kirke i går, men også fleire andre.
JA - vi har eit fint sosialt fellesskap og deler mange av dei same interessene. (Det er ikkje det sosiale fellesskapet som deler interessene, slik som det står i VL).
JA - vi består av sopranar, altar, tenorar og bassAR - alle i fleirtal.
Steffen: beklager at språkpolitiet i meg kikka fram i dei to siste punkta, men eg er trøtt og berre måtte ;)
Elles må eg fortelje at eg vart godt motteken på jobb i dag. Det var ein liten gjeng derfrå som saman med personale tok turen på konserten vår i går, og dei var så utruleg nøgde! Nokon hadde sove betre i natt enn på lenge, nokon angra på at dei ikkje gav oss ståande applaus, nokon hadde drøymd seg heilt vekk i musikken, nokon følte seg som nye og bedre menneske og alle var imponerte. Det er så koseleg med slike tilbakemeldingar :) Eg blir så glad!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar