25 januar 2009

Jaanilaulud

Så var altså Aurum sin andre årlege januarkonsert over. Min første. Eg har gledd meg til denne kvelden ei stund, eg, men eg må seie at eg har vore litt betenkt også. Estisk korverk? Talekor? Utskiftningar i korrekkene så tett før? Nye idéar så tett før? Eg har visst ikkje fått heilt inn i blodet dette med at kammerkoret Aurum er best når det gjeld, og det var i kveld i Vår Frue kirke. Vi har aldri hatt fleire publikummarar, og vi har aldri hatt ei så god kjensle etter gjennomføringa. Vi fekk masse skryt både frå eigne rekker og frå utanforståande. Så dette var kjekt :) Då er det Haydn neste. Det blir stas.

Ingen kommentarer: