Observasjon
Vi har jo som nokon av dykk kanskje har fått med seg fornya akvariet litt i det siste. Ei ny fargerik plante, og no tre nye fiskar. Det er altså ein ny ancistrus (sånn med sugekopp), som har fått namnet "Volta" (etter støvsugaren), og to dverg-guramiar som trass i ulikt kjønn heiter "Lystig" og "Blygen". Steffen har store forventningar til oppdrett, så no ser vi etter nussing, tentakling og synkromsvømming (!) mellom dei to dvergane.
Og alt dette medan eg førebur meg til konserten i Vår Frue kirke i morgon kl 19.00. Du kan kjøpe billettar i døra :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar