23 juli 2009

Ferien er slutt, men ikkje sommaren!

Først av alt: Gratulerer til mamma og pappa som hadde 42 års bryllupsdag i går! :)
-
Ferien er over, eg er i gang på jobb, vi har hatt besøk, timane og dagane flyg, og vips så har det gått ei veke utan bloggoppdatering. Men eg lever i beste velgåande :) Ei lita oppsummering følgjer her.

Først av alt: Solnedgangen på Vågstranda kvelden før vi reiste derfrå.

Eit vakkert farvel og på gjensyn spør du meg!

Vi hadde ikkje noko val. Kvardagen venta i barteby, så på søndag var det berre å pakke saman, vaske opp, vaske over badet og kjøkkengolvet, vatne alle plantene i Hansgarden, fylle bensin og vende panseret nordover. For variasjonens skuld, og fordi Mannen ikkje hadde vore der før, køyrde vi over Vistdalsheia til Eresfjorden, vidare til Sunndalsøra, Oppdal og til slutt heim til Trondheim. Det vil seie - vi tok ein liten avstikkar til Eikesdalen. Eit flott og aude dalstrok, med dette kjente fossefallet:

Det regna litt, så vi orka ikkje å ta turen heilt inn til fossen. Men Mannen tok turen ut av passasjersetet for å knipse litt i gråveret. Det er ganske flott, ikkje sant? Vatn i bevegelse er verkeleg noko for seg sjølv!

Vel framme rakk vi å rydde ut av bilen og inn i sokkelen før Mannen køyrde ned på jernbanestasjonen for å hente minstebroren. Vi har hatt besøk av svoger Håvard sidan søndag kveld, og har nettopp sendt han sørover att med NSB. Eg var på jobb mandag-onsdag, så då var det gutta boys som styrte i huset. Eg har ein mistanke om at det har gått mest i søvn og nintendo wii, men det er heilt i orden for meg. Har ein ferie så har ein ferie!. Mandag var den nest våtaste dagen nokon sinne her i byen, så då heldt dei seg inne, men dei to påfølgjande dagane tok dei seg bryet med å handle inn til og lage middag til eg kom heim. Det kallar eg luksus :) Elles har kveldane vore brukt her heime, med meir wii, baking (eg altså), film, kubb med meire.

I dag har eg hatt fri, og i flott sommarver har vi tusla rundt i byen og shoppa litt, kosa oss med sushi i parken og softis ved torget. Vi har også vore og sett den nyaste Harry Potter-filmen på kino, før vi avslutta dagen og besøket med taco og endå meir wii ;) Det er veldig koseleg å få besøk, så dersom det er fleire som vil ta turen er det berre å seie i frå!

No gler eg meg til kvardagen trer inn for andre folk også, slik at eg får mine kjære venner tilbake til Trondheim. Byen er ikkje den same utan! Men vi skal for all del nyte sommaren vidare sjølv om kvardagen er her! Det har iallfall eg tenkt å gjere. Gjerne fram til julestria sånn omtrent! ;)

6 kommentarer:

K@ri sa...

Da har vi en avtale.
Sommer til jul :o)

Ingeborg sa...

Ok. Skjønt haustfargane må gjerne kome som normalt :)

Line sa...

Jeg gleder meg også til jeg er i Trondheim igjen! Gleder meg til å se deg og dere igjen :)

Ingeborg sa...

Line! Eg savnar deg! Eg har store planer for oss ;)

Kristine sa...

Kan jeg også få komme på besøk?

Ingeborg sa...

Klart det, Kristine! Du er jo også ein del av planane :D Og eg savnar deg også!