17 september 2009

Formiddagen fri

Eg har kveldsvakt i dag, så omsider har eg nokre timar på meg til å fikse og ordne. Eg må mellom anna gjere diverse innkjøp i samband med studieveka mi neste veke, men først skal eg kose meg litt heime.

På tirsdag kom Kari på besøk. Ho ville nemleg lage middag til oss, og på menyen stod heimelaga tomatsuppe.
Nam! Det var skikkeleg godt :) Også så lekkert!
Etterpå hadde Kari nokre ærend rundt omkring, og eg fekk rydda litt i notearkivet til Aurum. (Aurum er favorittkoret mitt, som i går fekk råd og vink frå ein herleg sangpedagog!) Då Kari kom att, og før Grey's anatomy, spelte vi kortskalle alle tre. Det var lenge sidan sist, men det er faktisk veldig artig altså. Det artigaste er jo når nokon står fast og tek til å gjette. EU-brua... Er det nokon som har høyrt om den? Neppe... EU-domstolen burde vere meir kjent for dei fleste ;)

Her i heimen går vi (les: eg) ikkje glipp av ei einaste episode av Grey's. Ekstra kjekt er det når eg har nokon likesinna (les: like hekta) å sjå saman med, slik som eg hadde no på tirsdag.
Takk for besøket, og velkommen igjen!

2 kommentarer:

Kari og Torbjørn sa...

Du veit jo at eg kjem att :) Alltid kjekt å vere på besøk hos dykk, og sjølvsagt treffe likesinna... Steffen stakkars fekk ikkje lov å seie så mykje mellom 21.40 og 22.30. Såg kanskje litt dystert ut på det nedste biletet, men vi hadde det koseleg!

Ingeborg sa...

Hehe... Det var jo til dels dystre sener, så forklaringa ligg der! Karoline vil gjerne henge med oss i veke 40. Er du med? Håpar det, for eg sa til henne at vi ville, hehe ;)