Søndagstur
Kjenner du dette flotte paret? I dag har dei vore på søndagstur i marka, og det gjer godt for kropp og sjel :) Vi la turen til Damhaugen, Holstvollen og St.Olav-spranget. Eg har vore der ein gong før saman med friluftsgruppa på jobben min, og hadde lyst til å vise Mannen den flotte utsikta der. Så då var det berre å pakke tursekken og køyre mot Trolla. Jammen hugsa eg vegen også ;)
Hadde det ikkje vore så voldsomt bratt og dyrt på Trolla skulle eg jammen ha vurdert staden som potensiell for kjøp av eige husvære, for snakk om utsikt! Men men. Lommeboka og bilen min passar nok ikkje inn der...
Det er ikkje lange spaserturen opp til Damhaugen; ein gamal damvoktarbolig som i dag blir disponert av Trolla idrettslag. Stien opp dit er berika med diverse oppslag - både med dikt og opplysningar. Det kan nok gjere stigninga litt lettare for små barneføtter kan eg tenkje meg. Garden er også sjarmerande med sine bygningar og omgjevnader.
Vidare gjekk turen mot Holstvollen, der rådmann Lorentz Hansen Holst bygde i 1721 i tilknytning til sagbruket ved Trollabekken. Arvefestet vart til slutt innløst av Trondheim kommune, i likheit med mange andre Bymarkgardar. Dessverre har kommunen latt Holstvollen forfalle, og det som ein gong må ha vore ein fantastisk stad er no øydelagd. Kjempetrist!
Trass i dette deprimerande synet hadde vi motivasjon nok til å halde fram mot det opprinnelege turmålet - nemleg St.Olavsspranget. Då eg var der med friluftsgruppa snakka vi litt om bakgrunnen for namnevalget. Ein av pasientane meinte (med humoristisk undertone altså!) at det måtte ha samanheng med at dersom ein sprang utfor der hamna ein rett på St.Olavs hospital! Om namnevalget bunnar i denne forklaringa tvilar eg på, men eg syns det var så godt sagt at eg let det vere med det ;)Det er ganske vakkert, ikkje sant?
Medan vi sat der fann vi ut at vi kanskje kunne få nokre kule yoga-bilete på utkikkspunktet... Vel... Det vart ikkje så mange bilete som såg bra ut for å seie det sånn...Dette var vel dei beste... Yoga er ikkje så lett, faktisk! ;) Dei mindre vellukka, men kanskje desto meir underhaldande, variantane får eg spare til ein grå dag - så har vi noko å få opp humøret med!

2 kommentarer:
Ser ut som ei flott turmål :o)
Og yoga er jo ikke å forakte om man trenger toppe turen.... Noen jeg kjenner gjør heller det med sjokoladekake, men hver sin lyst, og sikkert minst dobbelt så smart.
Kommentar: Takk for at du tok deg tid til å lese dagens hjertesukk. Det må bare ut, og det kan hende jeg skulle slettet det med det samme det var skrevet, men jeg står for hvert eneste ord, og da syns jeg det bare skal bli stående!
Ha en glimrende uke, og bruk gjerne yoga, men du trenger ikke gjøre det på alle fjelltopper. Noen fortjener sjokoladekake også:o)
Klem fra Kari*
Det var flotte turbilder, det er deilig å være ute i skogen.
Legg inn en kommentar