04 september 2009

Tilbakeblikk

Eg har vore på tur i Bymarka i dag. Difor kan eg meddele at det er sopp- og tyttebærtid, og at trea gulnar. Det var skikkeleg ruskevér også. Hausten er her, men vi surmular ikkje av den grunn! Hausten er ei flott årstid med alt den har å by på.

Til same tid er det jo hyggeleg å sjå tilbake på sommaren, og i dag ser eg tilbake til sommaren då eg var 12 år gamal. Då skreiv eg nemleg eit dikt. På engelsk. På ei margarinkasse. Alt dette medan eg sat i bilen utanfor lokalbutikken og venta på pappa. Diktet har vore teipa opp på innsida av klesskapdøra på jenterommet heime, heilt til pappa deklamerte det i sin tale til brudeparet då eg gifta meg for to år sidan... Og no skal eg dele det med dykk.

12 summers
I love to sing a lot of songs.
Play flute and organ too.
I love to write I love to read.
But best of all are You.
A friend is good.
A family too.
A home, some food and toys.
A bed, some water and a boy.
Peace
and love.

Tja... Eg var vel ikkje ein heilt driven lyriker der eg sat og skribla på margarinkassa, men eg var jo ikkje heilt på jordet innhaldsmessig eller? Vener, familie, ein heim, mat, seng, vatn, ein kjærast, fred og kjærleik. Då har ein vel det ein treng, syns du ikkje?

God helg!

2 kommentarer:

Eline sa...

Herlig, herlig. Likte godt diktet dit;).

frøken ij sa...

Om ikkje forma va den mest vellykke, so va no innholde bra :)

Flink du/dåkkå e som e på ordntlige tura :) I og magne burde blitt flinkare t d.. Ha en fin kveld viare :)