Så feil kan ein ta
Som attpåklatt kan det vere slik at ein startar tidleg å drøyme om å bli tante. Sidan fem-års-alderen tok eg til å håpe på at mine søsken (som er 11 og 13 år eldre enn meg) snart ville berike meg med tantebarn. Men nei. Det skulle gå 17 år etter dette før Lade-Prinsessa kom.
Prinsesse Gullhår kom same året, og fire år etter kom Keisernevøen.
Og no har meldinga kome om at Gullhår og Keisaren skal få seg køyeseng, og at ein liten bror eller ei lita søster skal overta sprinkelsenga på etterjulsvinteren ein gong :)
Også eg som trudde produksjonen var over! Så feil kan ein ta, og takk for det :)

4 kommentarer:
Kjekt når man tar feil på denne måten da :o)
Oppskriften på eplekake har du jo, så det er bare å hoppe i det!
Klem fra K@ri*
Produksjonen over!!!!???? Hm. Korleis tolke slikt... For gamle...? Taklar ikkje meir...? ;-) Små og store gler seg til Tante-besøk i haust, i alle fall!
Kari: Veldig kjekt ja :) Og eg har opp til fleire oppskrifter på eplekake, så det er ikkje det det står på nei!
Oversøster: Beklager, men når ein har venta i 17 år vert pessimismen litt implementert i ein... ;)
Gratulerer, gøy å være tante :)
Legg inn en kommentar