Til opplysning
Eg ligg no på sofaen i ei leilighet i eit arktektteikna hus på Bygdøy og meskar meg med chilinøtter og sjokolade. Eg har tilbrakt dagen på toget, og det i seg sjølv er jo berre heilt herleg. Eg har fått strikka masse, høyrt på musikk, og snakka med ei veldig koseleg tippoldemor frå Strømmen. Og eg må berre seie det; Aurum sitt konkurranserepertoar på øyret, sitjande på toget over Dovrefjell bada i nydelege haustfargar - det er lukke det!
I morgon startar studia mine. Eg gruegler meg, med mest trykk på gler. Først og fremst vonar eg at eg finn fram til skulen! Det er ikkje berre berre å vere bonde i byen ;)

4 kommentarer:
Bygdøy?
Jeg bor jo her!!
Hvor på Bygdøy er du?
Lykke til med skolestart!! Det kommer til å gå fint!!
Er det skolen som stiller med bolig!? kuuuult.. ;)
Lykke til med skolestart!! Det kommer til å gå fint!!
Er det skolen som stiller med bolig!? kuuuult.. ;)
Takk! Blir spennende :) Bur hos svogeren min og kjærasten = genialt :)
Legg inn en kommentar