På hyttetur :)
Fin gjeng, ikkje sant?
I helga har vi vore på hyttetur. Vi hadde planer om å kapre ei NTNU-koie i nærleiken av Sylane, men grunna hinsides stor pågang på koiene (jakta har nett starta...) endte vi opp på ei 6-mannshytte på ein campingplass like ved Berkåk. Og det var jammen ikkje så dumt!
For det første er det ikkje så dumt å komme seg litt bort ei helg i ny og ne. Gjerne i gode veners lag. For det andre var jo campinghytte billig. 70 kroner per person for ei natt. For det tredje var det jo uante moglegheiter for turar både over og under tregrensa, og det fekk vi utnytta godt. Diverre var ikkje véret heilt på vår side, men humøret kunne ingen ta frå oss. I går ettermiddag gjekk vi ein fin skogstur like ved campingplassen. Innehavaren tipsa oss om Gamle Kongeveg, og vi tusla av garde. Med kjeks, sjokolade og fotoapparat tok vi oss fram på ukjent veg, passerte nokre hytter hist og pist, og syns det var ein fin ettermiddagstur før god middag og brettspel på hytta resten av kvelden.
I dag var liksom den store turdagen, for det skulle jo bli litt meir opphald i dag. Faktum var følgjande: 10 minutt regn, 5 minutt opphold med solgløtt, 10 minutt regn, 5 minutt opphold med solgløtt, 10 minutt regn....osv... Men kvar gong ei regnbyge var over og vi skimta sola sa vi: "Sjå! No lettar det!" Trua kunne ingen ta fra oss iallfall! Vi sikta oss inn mot Ilsfjellet på grensa mellom Midtre Gauldal og Rennebu kommune. Fjellet er 1218 moh, og i klårver skal ein kunne sjå heilt til Trondheim. Slik var det ikkje i dag, og vi nådde aldri toppen. Kva skulle vi det for? Det var vått og etterkvart litt kaldt, og vi ville ikkje ha sett nokon verdens ting. På drøye 1000 moh brukte vi vårt sunne vett, vende nasen nedover att, og fann oss ein skrent der vi søkte ly og laga meksikansk gryterett. Fantastisk! Fargane er beint ut fantastiske i fjellet no på hausten. Det er berre å nyte frå ende til annan! :)
Vi var ganske våte då vi kom tilbake til hytta, og kake og kaffe gjorde enormt godt før pakking, rydding og utvasking måtte gjerast før avreise. Vi var alle einige om at vi godt kunne ta ei tilsvarande utflukt ved eit seinare høve. Det både gjer godt, og er direkte triveleg!-Applaus til Kristine for eplekakemuffins!
-Applaus til Gunnar for meksikansk gryte på fjellet!
-Applaus til Mari for oppvaskvilje og blåbærplukking!
-Applaus til Lars Eirik for bra salat og grundig golvvask!
-Applaus til Ingeborg for kjøttdeigsteiking i porkotta!
-Applaus til Steffen for god kyllingmiddag på laurdag!
I det heile tatt: Applaus for ein framifrå tur! :)

5 kommentarer:
De skulle vore på Dovre. Bra på laurdag og fenomenalt i dag.Heilt klårt og med fantastiske fargar.
Jeg må bare understreke at jeg ikke var så sur som det ser ut som! Jeg var blid :)
Takk for flott tur!
De sier det skal ei kule til for en trønder, men for en nordmøring trengs det kanoner!
Jeg blogger :o)
Godt valg!
Vakre tanker fra K@ri*
Er dette årets deltagere på Farmen?
Ikkje snakk om Dovre... Me kjørte over Dovrefjell og ned i skodda og regnet iRomsdalen for å gå tur.
Legg inn en kommentar