15 januar 2009

Dagens husmorsyslar

Eg vakna opp til 16 minusgrader i dag! Vinteren er her - om enn ikkje så lenge. Det blir raskt mildare att i følgje meldingane. Men i dag har sola kikka fram, det har vore kaldt, klart og vakkert :)

Vi får middagsgjestar på laurdag, og i dag er førebuingane i gong. Vi skal servere hjort. Sidan steika i frysaren blir litt knapp har eg i dag steikt opp ein del hjortekjøttkaker. Med ein forrett og ein god dessert trur eg dermed alle skal bli nokonlunde mette på laurdag :)



Når eg no først har bevega meg inn i kjøkkenverda kan eg jo nevne at eg i går lagde sunne muffins. Dette i anledning filmkveld hos Line. Dessverre vart dei ganske smaklause og altså ikkje heilt vellykka, så eg beklager til alle dykk som var på filmkveld og høfleg smilte og åt... Dei er eigentleg ganske gode nemleg... :( Grunnen til at dei er sunne er forresten brunt sukker, sammalt hvete, eple og havregryn. Oppskrifta finn du på oppskriftsbloggen min.

Eg fekk forresten rett i at å sparke meg sjølv bak hadde god effekt. Å legge ut bilde av dei halvferdige pulsvarmarane mine gjorde at eg i dag monterte dei, og her ser du det ferdige resultatet. Ein tråd alpaca og to trådar glitter.



Dermed har eg no lov til å starte på eit nytt prosjekt, som eg ikkje kan offentleggjere før mottakaren har hatt bursdag og har fått ei strikka gåve frå Steinan ;)

Avslutningsvis må eg vise eit par bilde av akvariet etter fornyingane! Fint, sant?


4 kommentarer:

Anonym sa...

Jeg syns - helt ærlig og oppriktig - at de sunne muffinsene dine var gode! Hvis det er sant som du sier at de faktisk egentlig skal smake enda mer, så er jo det sikkert bare fint. Men jeg syns altså at de var gode. Så det.

Ellers takk for hyggelig kveld, ja :)

Ingeborg sa...

Du skulle berre visst korleis dei eigentleg skulle vere! ;)

Takk for ein fin kveld - og snakkast i morgon!

Anonym sa...

Kjære Ingeborg!
Sitter og leser din velskrevne blogg sammen med nederlenderen. Han har lenge mast om at han vil lære nynorsk, og eg har prøvd å holde igjen, men nå kom jeg jo på den geniale ideen at du kan være læremester?!

Ingeborg sa...

Hihi... Lærarspiren i meg vaknar her! Eg kan gjerne vere til hjelp, men eg er av den oppfatning at for å lære nynorsk må ein LESE nynorsk. Eg trur ærleg tala at eg ikkje kan ein einaste gramatikkregel, så viss han har eit veldig teoretisk/akademisk syn på å lære det veit eg ikkje om eg kan vere til så mykje hjelp... Men han kan jo starte med å lese bloggen min! ;)