12 januar 2009

Åja, jula ja

Eg har visst gløymd å avslutte jula! Når det gjeld gåver vart det ikkje til at eg gav frå meg så mange strikka ting som eg først hadde planer om, men nieseprinsessene fekk sokkar og keisarnevøen ei jakke om ikkje anna. Også litt leiker, bøker og klær attåt da.




I tillegg gav eg frå meg cd med konsertopptak av Aurum til både slekt og venner, konsertbillettar til neste Aurumkonsert, vinduspynt, krystallkaraffel til mor, sko og ponduskalender til mannen, litt bøker og forskjelleg anna småtteri.


Sjølv fekk eg utruleg mykje flott; sjokoladeoppskriftsbok, greys anathomy sesong tre, superundertøy, Snømannen av Jo Nesbø, lys og gryteklutar, kart over bymarka, fleire spel, dekketallerkar frå Hadeland glassverk, pengar, twist, bilde, te og ikkje minst eit fantastisk flott flyfoto av mi vakre heimbygd.

Elles kan det jo seiast eg pynta leiligheta til jul den 5. januar. Eg måtte jo heim og hente julepynten først! Men i morgon skal det vekk. Det får jo vere måte på.

3 kommentarer:

Beate sa...

Den jakka var utrolig fin <3

Ingeborg sa...

Tusen takk for det :) Var veldig fornøgd sjølv også, og eg har sett bilde som vitnar om at mottakaren tok seg godt ut med jakka på. (Men alt kler jo den smukke da). Oppskrifta er henta frå garnstudio. Dei har utruleg mykje fint!

Marit sa...

Kjempefin jakke, ja! Tusen takk! Keiseren brukar den kvar dag! Og prinsessa har fått favoritt-sokker! Supre gåver!