Travle dagar
Eg trekkjer eit fornøgd sukk i kveld. Det har vore ei særs travel veke, særleg på jobb, og eg har veksla mellom å vere usikker og å vere godt nøgd med eigen innsats. På heimebane har kveldane vore fylt med diverse sosiale treff, samt koraktivitetar. I dag kjente eg når eg kom heim frå jobb at eg hadde så mykje planer for kvelden at eg ikkje visste kvar eg skulle starte! Etter ein liten dubb på sofaen var alt så meget betre, og ein triveleg telefonsamtale med mi beste venninne er heller aldri å forakte. Ei sortering av kva som måtte gjerast, burde gjerast og kunne gjerast hjalp på, og no er oppvasken tatt, boligen rydda, klesvasken går, og skuldrene er der dei skal vere ;)
Ein blir jo ikkje i dårlegare humør av to - to! - pakker i posten! Den eine må eg hente på posten; ei pensumbok til studiet eg skal til med om ei drøy veke. Det andre var frå mi strikkevenninne på NSF denne månaden :) Tusen takk Garnoman! Midt i blink :)
No sit eg og håpar på at vi får til ein helgetur med Kristine, Gunnar, Mari og Lars Eirik. Eitt eller anna skal vi få til! :)

4 kommentarer:
Får håpe det blir noe, ja!
God helg, Ingeborg :)
Håpar de kosar dykk på tur! Eg gler meg til tomatsuppe på tirsdag :)
Det er bra de sørger for at du får Raumagarn! Det liker jeg ;o)
Klem fra K@ri*
Du er så søt! -Og jeg synes d er så koselig med vår avtale i høyremargen!!
I dag nyter jeg omsorgen fra mine kollegaer! I går nøt jeg fantastisk feedback fra en av mødrene på jobb :)
Klem
Legg inn en kommentar