02 januar 2009

Tradisjonen tru...

...kjem no ei kavalkade over mitt 2008.

Januar:
Eg starta i 100% vikariat som miljøterpeut ved Tiller dps. Ein triveleg og spanande arbeidsplass, der eg med min fagbakgrunn fekk ansvar for fysisk aktivitet i behandlingstilbodet. Trivsel på jobb og trivsel heime prega januar. Vi kjøpte oss nemleg akvarium, og starta dermed vårt eige lille økosystem oppå kommoden i stova. Mange besøkande har kommentert plasseringa av ein stol rett framfor kommoden, men den er altså eit teikn på vår fasinasjon, og ikkje minst ein invitasjon til gjestane om å sette seg ned og ta ein kikk. Andre trivselstiltak dene månaden var oppstarten av quizlaget "Pianøttknekkerne" som meir eller mindre kvar onsdag heile vårsemesteret møtte til kamp på Pias café i Elgsetergata.

Februar:
I februar fekk vi massevis av yngel i akvariet, og det var stor stas. Omtrent på linje med å bli foreldre vil eg tru ;) Elles vitnar bloggarkivet om at strikking prega februar. Mitt første lueforsøk til dømes...


Mars:
I mars fekk eg til lua slik eg ville ha henne, og i tillegg strikka eg påskepynt. Endeleg kom eg inn i kormiljøet igjen også, og gjekk frå å vere Aurum sin førstefan til å bli førstealt. Stor stas må vite. Påska vart feira i Hønefoss der vi fekk møtt mange vener og mykje familie. Siste dagen i månaden feira vi papirbryllup med god middag på Nattergalen. Elles vart vi nok ein gong påmint kor viktig det er å få på plass Vågetunnellen og Tresfjordbrua heime, når nok ei dødsulykke fann stad i starten av månaden. 30 menneskeliv dei siste 30 åra... Bru og tunnell kjem om 10 år. Om 10 menneskeliv med andre ord.

April:
Ein roleg månad dette. Settlers, øvingshelg med Aurum, og herleg rekreasjonstur til vakre Romsdal :)

Mai:
Den lille keisarnevøen min kom til verda i starten av mai, og har naturlegvis vore til stor glede for heile slekta. Han har også vorte offer for litt av mine strikkerier - meir eller mindre frivillig. I mai tok vi dessutan turen til Sverige saman med Kristine for å kjøpe billeg kjøtt, men først og fremst for turen i seg sjølv sin del. Det var også tid for quizfinale, og vi kom på fjerdeplass samanlagt, etter bronsefinale mot våre "erkefiendar" Pianøttene.

Juni:
Kun to veker sommarferie i 2008, og dei vart avvikla i juni. Då var vi først på besøk hos oversøster med familie på Osterøy, og deretter ei lita veke i London. Vi kosa oss veldig med mange obligatoriske turistgjeremål, og ikkje minst med musikalen Mamma Mia :) Ein flott storbyferie var det. Vel heimkomne bar det direkte til utdrikningslag for Kari, med mellom anna gocart og laserX. Artig! Siste helga feira vi mamma sin 60-årsdag på Toftemo, med nesten heile slekta på plass.

Juli:
Vi grilla ein del i juli. Vi hadde besøk av besteforeldra til Steffen, eg fekk fast jobb, Kari og Torbjørn vart smidde i hymens lenkjer, og Åshild og Espen fekk ei nydeleg lita tulle :)

August:
Både mine og Steffen sine foreldre var på besøk denne månaden, og kjøleskapet vart fylt opp. Kristine og Gunnar forlova seg, vi var i etterpålag for Mari og Lars Eirik, eg plukka blåbær og laga syltetøy, og handballjentene tok OL-gull. Eg likar Marit Breivik. Sist men ikkje minst vart den lille keisaren døypt.

September:
Steffen fylte år og vi prøvde sushi for første gong. Det blir nok ikkje ein favoritt, men det var heilt greit altså. Midt i arbeidshelga mi var vi på telttur i bymarka saman med to gode vennepar, og vi hadde ei langhelg hos svigers der vi også fekk møtt Åshild og Espen si vesle håpefulle. Også vart Emma Tallulah født.

Oktober:
Oktober var prega av førebuingar til Prahaturen med Aurum fram til vi siste helga reiste avgarde. Det vart ein bra og sosial tur, med tre sigrar i den internasjonale korkonkurransen vi deltok i!



November:
Aurum levde på gullbølga, eg og Steffen laga baccalao for først gong (nam!), vi var på tur på Våttåkammen, den første snøen kom, og eg kosa meg med å pynte til advent :)

Desember:
Når ein ikkje har eksamenstid kan ein verkeleg nyte adventstida slik som eg gjorde i år. Eg elskar advent! I tillegg til berre å kose meg med strikketøy og ullpledd, hadde eg og mi niese Ladeprinsessa ei flott Luciakonsertoppleving med Cantus i Vår Frue kirke, eg fylte 26 år, og så kom jula. Og med jula kom reisinga og feriekjensla! Ei veke i Hønefoss og ei veke i Romsdalen er ikkje å forakte. Jula vart behørig feira hos svigers, og nyttår hos mamma og pappa. Ei herleg jul på alle vis!

No er 2009 i full gang, og eg ønskjer året hjarteleg velkomen. Dette blir eit spanande år, med overhengjande fare for endringar. Eg gler meg.

1 kommentar:

frøken ij sa...

Godt nyttår! :) Virket som du/dere har hatt et fint år. Lå oss håpe 2009 blir enda bedre :)